Jungeleventyr i Chitwan National Park (Dag 11-13)

Det beste av Nepal inneheld også eit besøk til Chitwan National Park. Vi køyrer frå Phokara til låglandet på nokre førmiddagstimar, og kjem fram til hotellet til lunsj. I jungelen ventar spanande opplevingar. Det blir fotosafari frå elefantryggen, jungelvandring og tur i elvebåt, om elva er stor nok.

Guidane våre vil ha mykje å fortelje oss om den fantastiske jungelen. Om plantar, dyr, fuglar og ikkje minst kulturen til folket som bur her.

Chitwan National Park ligg på omlag 100 moh., ikkje langt frå grensa til India. Vi kjem nok til å merke at det er både varmare og fuktigare her enn der vi har vore til no i Nepal. Det summar i insekt, og i trekronene yrer det av fuglar i alle regnbogens fargar.

Jungelen skjuler nashorn, krokodille, påfugl, villsvin og apekattar. Er vi ekstra heldige får vi auge på ein bjørn eller ein bengalsk tiger, men det er svært sjeldan. Har vi lyst, badar vi saman med elefantane i elva. Dei elskar å avkjøle seg etter dagens innsats.

Og når jungeleventyret er over, går Nepaleventyret vårt også mot slutten for denne gongen.

Vi dreg tilbake til Kathmandu for å nyte dei siste par dagane med sightseeing og kanskje litt shopping.

Og til slutt kan vi seie PHERI BETAULA til Nepal. På gjensyn!

image

Og kva no? Jau, no startar den eigentlege turen! Til no har eg berre blogga meg framover i turprogrammet, for å førebu meg til tur.

I morgon reiser eg verkeleg. Kofferten er nesten klar, og sommerfuglane flagrar rundt i magen. Eg gler meg til endeleg å få møte mine medreisande om eit par dagar, og til å få dele gode opplevingar i Nepal!

Vi sjåast!

 

Advertisements

Trekking i Annapurna (dag 6-10)

Trekkingturen vår skal endeleg starte, og etter frukost og pakking blir vi køyrde til den vesle landsbyen Nayapul. Bilturen tek normalt ein og ein halv time.

Frå Nayapul skal vi bruke føtene, og vi kan sjå fram til 5 spennande dagsetappar med vandring i variert og vakkert kulturlandskap. Vi går på forseggjorde stiar, frå landsby til landsby. Rundt oss utspelar dagleglivet seg, og vi kjem tett på folket som bur og lever mellom fjella i Annapurna. Som besøkjande respekterer vi privatlivet til dei som bur her, kler oss respektabelt og tek omsyn ved filming og fotografering. Er vi i tvil om kva som er passande, kan vi spørje den lokale guiden vår.

Vi har med oss lokalkjend guide heile vegen. I tillegg har vi med oss berarar som tek hand om størstedelen av bagasjen vår, inkludert soveposar. Vi har også med eigen kokk. Sjølve ber vi ein dagstursekk med plass til drikke, fotoapparat, ei lett jakke og anna vi må ha tilgjengeleg i løpet av dagsetappane. Vi går ikkje alltid saman med berarane. Sjå framlegg til pakkeliste her.

Vandreruta vår ser slik ut:

Dag 6: Frå Nayapul til Bhuk Deaurli.
Dag 7: Frå Bhuk Deaurai til Ghorepani.
Dag 8: Tilbod om morgontur til Poon Hill før frukost. Vandring til Tada Pani.
Dag 9: Frå Tada Pani til Ghandruk.
Dag 10: Frå Ghandruk tilbake til Nayapul, der vi blir henta og frakta til Pokhara.

Dag 6 startar vi vandringa i Nayapul, på 1050 moh. Vi går ein kort etappe på ca. ein halv time fram til Birethanti, der vi tek lunsjen vår. Deretter er det lett vandring i to timar, langs elva Bhurendi Khola fram til Bhuk Deurali, der vi skal overnatte.

Dag 7 går det fort oppover. Vi når Tikhedhung etter om lag halvannan time. Herifrå skal vi gå ca. 3000 trappetrinn opp til landsbyen Ulleri, så her er det berre å halde gåstavar og vassflasker klare. Som oftast er det mindre belastande for kroppen å gå oppoverbakke, men slitne vil vi nok bli, og vi må hugse å gå i det ideelle tempoet: vårt eige!

Vi får etter kvart eit fantastisk utsyn til Annapurna South (7219 moh.) og Himchuli (6444 moh.). Truleg tek vi lunsjen vår i Banthanti, før vi held fram inn i eventyrlege skogsområde med rhododendron, bambus og furu. Er vi heldige blømer rhododendronen framleis, men dette er uansett ein svært vakker del av turen. Skogen deler vi med flokkar av kvite apekattar og eit yrande fugleliv.

Vi overnattar i Ghorepani (2850 moh.), ein populær overnattingsstad med fleire små hotell (lodgar) og ei utsikt som kan ta pusten frå deg. Vi kryp tidleg til sengs, i alle fall dei av oss som vil starte morgonen med å gå til toppen av Poon Hill (3200 moh.) for å nyte soloppgangen over Annapurna.

Dag 8 startar med frivillig morgontur til Poon Hill. Vi står opp kl 05 og tek ein kopp te før vi går til toppen. Turen opp tek ca. ein time. Herifrå ser vi kjende fjell som Dhaulagiri (8167 moh.), Annapurna South (7219 moh.) og Machhapuchhre (6993 moh.). Fotomotiva er mange, og vi tek oss god tid på toppen. Tilbake i Ghorepani et vi ein god frukost og vandrar vidare mot Tadapani ca. kl 09. Også denne dagen får vi fantastisk utsikt undervegs: Dhawalagiri, Nilgiri, Annapurna South, Gangapurna, Himchuli og fiskehalefjellet. Stien går over luftige Gurung hill (3290 moh.), ned til Deurali (3100 moh.) og Banthanti, der vi skal ete lunsj. Etter lunsj går vi vidare, oppover til Tadapani og ny overnatting.

Dag 9 skal vi gå til Ghandruk, ein av dei mest særmerkte landsbyane i Nepal. Vi går frå Tadapani tidleg om morgonen, gjennom skogar av rhododendron, bambus og eik, og når Ghandruk ved lunsjtider. Ettermiddagen nyttar vi til å oppleve den vakre byen, besøke museet og slappe av. Ein rusletur opp i høgda gir deg flotte fotomotiv av byen, med sine skiferlagde hustak og vakre fjell i bakgrunnen.

Dag 10 vandrar vi tilbake til Nayapul, der turen vår starta. Vi går gjennom fleire landsbyar på vegen ned til dalbotnen og langs elva. Lunsj i Modikhola og transport tilbake til Pokhara.

 

Pokhara

Dag 5 står vi opp tidleg og tek farvel med Dhading for denne gongen. Neste målet vårt no, er Pokhara, og turen dit tek mellom 3 og 5 timar. Dette avheng av kor heldige vi er med trafikken. Truleg stansar vi undervegs for ein matbit og for å strekke litt på beina.

Pokhara er den nest største byen i Nepal, med eit folketal på omlag 200 000.
Byen ligg på ca. 900 moh. midt i den frodige Pokahara-dalen. Pokhara var tidlegare eit viktig sentrum på handlelsvegane mellom India og Tibet. I dag er det turismen som dominerer bylivet. Pokhara er utgangspunkt for mange populære trekkingruter i Annapurna.

Pokhara ligg nydeleg plassert ved Phewa Thal, Pokhara-sjøen, og på klare dagar har byen ei fantastisk utsikt mot fjella omkring. Det mest kjende fjellet er den 6 977 meter høge dobbelttoppen Maccapucchare (Fiskehalefjellet).

Det er triveleg å rusle gjennom gatene i Pokhara. Er du på jakt etter rimeleg friluftsutstyr, kan du nytte sjansen her. I turistområda er det mange butikkar som sel både nytt og brukt trekkingutstyr. Det kan rett nok vere vanskeleg å finne rett storleik på klede og sko, så alt det viktigaste utstyret til trekkingturen, bør du ta med heimanfrå.

Om kvelden tek vi oss gjerne ein tur langs Phewa Thal. Vi et middagen vår ute, og ladar opp til morgondagens vandring. Det kan vere lurt å ta med lommelykt ut om kvelden, då sparsam gatebelysning gjer at det kan bli svært mørkt.

Om nokon ynskjer det, kan vi få til ein tidleg rotur på innsjøen neste morgon. Dette må avtalast på førehand. Er veret klart, er dette ei flott oppleving, med fantastiske fotomotiv og nydeleg utsyn mot fjella.